lørdag 17. desember 2011

Intervallkollegiet - Eit ekstra tilbod for dei aller tøffaste på H3






Det som fyrst starta med ei lita joggegruppe på eit par personar har dei siste vekene utvekla seg til å verte eit meir formelt fora for god fysisk trening. Vi har gjennom fleire intervalløkter hatt mykje latter, svette, tunge pust og blodsmak i kjeften. På torsdag var det elleve stykk som møtte opp til trening, kor av åtte var spelarar på H3. Intervalløkta gjekk ut på å løpe opp bakken til hovedbygget på Gløshaugen. Det er eit strekke på omlag 210 meter, og vi tok dette løpet med åtte repetisjonar. Fleire av spelarane imponerte stort i motbakkeløpet. Responsen vart god og underteiknande skal lage individuelle treningsplaner for dei fremmøtte til seinare økter. Det viktigaste ved slike økter er at ein klarar å presse seg sjølv og tek fram ein fighterspirit, noko som også i større grad bør vere tilstades ved H3 sine treningar.

Kortfatta kan torsdagens økt oppsummerast med fylgjande:
- Dei fleste løper særdeles gode og jevne intervallar
- Alle tykjer det er like artig å slå Dagi opp bakken
- Ein deltakar får krampe i nest siste intervall halvveis i bakken
- Ein annan deltaker får i det nest siste intervallet låsning i ryggen og må bryte
- Alle vert plutseleg fort restituert etter å ha spist heimelaga vaniljekringle
- "Wide game" som leik etter intervalløkta var ein fin avslutning
- Det vart utdelt premie etter "Wide game"

Grunnen til at Intervallkollegiet (sjå gruppa på facebook) er eit godt supplement til H3 sine treningar er fordi:
- Vi kan prove for oss sjølve at god jobbing gjev fremgång og gode resultat
- Det gjev deltakarane betre løpskapasitet og kondisjon
- Innebandy vert eit viktig samtaletema under intervalløktene
- Under intervallkøktene får ein moglegheit til å presse hardt mot syregrensa, få blodsmak i kjeften og må jobbe med seg sjølv mentalt
- God og variert trening gjev meir energi

Eg vonar at fleire vert med på ei intervalløkt etter nyttår, dette er eit tilbod som passar for alle. Vi har det veldig kjekt under øktene, med mykje humor, kjekke samtalar og med servering av noko godt å spise i ny og ne! Utover vinteren og våren utvidar vi reportoaret, og håpar å få gjennomført fylgjande:
- To treningsøkter kvar veke, slik at fleire får moglegheit til å i vere med på minst ei økt
- Minst fire motbakkeløp-intervallar
- Langrennsturar, både som trening og som utfluktstur, fokus både på fysisk fostring og teknikk
- Minst ei treningsøkt på Pirbadet
- To 3000 meter testløp
- Øl-orienterings-stafett (dette kan dere glede dere til!)
- Koietur på ski (skal sjå på moglegheitan for å få til noko i februar)
- Etter påske utvidast tilbodet til også å gjelde eit par sykkeløkter.
- Og fleire forslag takast i mot med takk....

Sjekk ut gode trenings - og ernæringsråd på www.dagatle.com

Håper dette kan inspirere deg til å vere med etter nyttår på våre sine treningar, vel møtt!

1 kommentar: